Gå til innhold

Hvordan går det med leseløftet hos dere, Kopinor?

Hele 187 arbeidsplasser har nå kastet seg med på Leseløft i arbeidslivet. Vi har hørt med flere av dem for å sjekke hvordan det går og hva som fungerer. Kanskje de til og med har noen gode tips til andre arbeidsplasser?

Foto: Kopinor/Ayla Zwart

Først ut i denne intervjuserien er Kopinor, som til daglig jobber med å ivareta rettighetene til forfattere, journalister, illustratører, fotografer, komponister og utgivere.

Slik jobber de med lesing på sin arbeidsplass:

Hva var motivasjonen deres for å bli med på Leseløft i arbeidslivet?

Vi såg leseløftet som eit godt høve til å gje lesing ny merksemd. Vi veit at nokre tilsette er ganske sjølvgåande og les mykje, medan for andre er det kanskje ein vane som har forsvunne i kvardagen. Ved å melde oss på leseløftet ville vi trekkje lesinga fram i kvardagen, og vi håpar det vil gje både inspirasjon, motivasjon og eit sterkare sosialt fellesskap.

Hva er dere i gang med som løfter lesing på deres arbeidsplass?

Vi har etablert ei felles bibliotekhylle på kontoret, og vi oppfordrar dei tilsette til å skrive nokre ord om bøkene dei tek med på ein Post-it. I tillegg har vi starta ein stafett der vi spør dei tilsette om kva tre bøker dei ville ha teke med seg til ei aude øy.

Etter kvart vil vi starte ein lesesirkel og arrangere samlingar der vi kan snakke om kva vi les for tida.  Det kan også hende det dukkar opp ei lita gåve i desember, men det er jo hemmeleg.

Hvilket argument brukte dere for å satse på lesing hos dere?

I Kopinor snakkar vi mykje om kva lesinga har å seie for oss som enkeltindivid, for auka konsentrasjon, utvida horisontar og rike opplevingar. Vi diskuterer også lesinga si rolle i samfunnet, som grunnlag for å tileigne seg kunnskap og, i siste instans, som ein føresetnad for å delta i demokratiet.

Har dere en god leserelatert historie fra arbeidsplassen, for eksempel mellom kollegaer eller noen som har hatt noen gode opplevelser?

Eg la fram Veggen av Marlen Haushofer i bibliotekhylla, og fekk seinare tilsendt eit koseleg bilete frå ein kollega som satt i haustsola og las boka. I etterkant har det vore utruleg hyggeleg å kunne dele og diskutere leseopplevinga vi hadde.

Hva er det beste som har skjedd hos dere i forbindelse med leseløftet?

Den første som valde tre bøker til ei aude øy, hadde mellom anna valt Brødrene Løvehjerte for å sjå om ho kunne gjenoppleve magien ho følte første gongen boka vart lesen høgt for henne på skulen. Dette førte til fleire fine samtalar i lunsjen om litteraturen si kraft og nostalgiske augneblinkar – både skapte av Lindgren og andre forfattarar.  

Ble dere utfordret av en annen arbeidsplass?

Nei, vi såg kampanjen i sosiale medium.

Hvilken arbeidsplass har dere utfordret, og har dere hørt om de er i gang?

Vi har utfordra Norwaco til å bli med, men er usikre på kvar dei er i prosessen.

Hva er deres beste tips til andre som ønsker å komme i gang med leseløft på sin arbeidsplass?

Vis entusiasme for lesing og hald det lågterskel! Vi ønskjer at dei tilsette skal oppleve at leseløftet er for alle og at alle sjangrar og meiningar er hjarteleg velkomne. 

I samarbeid med